Våre Alaskan Huskyer

Her er informasjon og bilde av våre Alaskan Huskys

Viper

Fødd 19.05.07

Stamtavle ID 23491

Viper blei henta som 8 veker gammal kvalp frå Sverre Helland. Viper er etter Sverre sin kommandoledar, og har genene til å kunne bli ein bra ledarhund ein dag. Har gått litt i front, men har meir styrke og vilje til å gå bake. Var veldig kranglete, men har komt seg etter kastrering.

 




Bjørkis

Fødd 26.04.08

Stamtavle ID 27597

Bjørkis blei henta frå Bjørnar Hansen Østigård vel 4 månedar gammal.

Bjørkis er ein av dei hundane vi har som har best linjer, nåke som syner godt igjen. Har blitt en stor gutt, og har begynt å gå i front som kommando ledar, har enda ikkje sett han sliten.

 




Tili

Fødd 16.05.02

Stamtavle ID 11273

Tili blei henta frå Knausen Huskies i august 2008. Tili har vore kjørt som ledarhund på blant anna Femundløpet 2008, mor til nokre av kvalpane våra, og har vore ein fin kommandoledar. Ho har desverre begynt å bli vanskelig og vil ikkje gå i front etter at ho fekk kvalpar.

 




Akita

Fødd 01.08.06

Stamtavle ID 20514

Akita blei henta frå Knausen Huskies i august 2008. Akita er ei lita lett tispe som til tross for lite vekt dreg godt i spannet. Kunne blitt god i front, men vimsar for mykje. Oppmerksomheits sjuk og gla jente i hundegarden.

 




Ice

Fødd 12.03.04

Stamtavle ID 13592

Ice blei henta frå Knausen Huskies i august 2008. Ledarhund med gode trekkegenskapar. Rolig og snill hund, går utrulig godt i front, tek til tider kommando.

 




Totto

Fødd 12.01.01

Stamtavle ID 11126

Totto henta vi frå Bjørn Krystad i Oktober 2008.

Totto er ein stor hund, bråkar litt viss han ikkje får oppmerksomheit, kosegris uten like. Kan gå i front, og tek kommandoar når han føler for, stoppar for å tisse på tuene avågtil.

 




Spirit Of Winter`s Magnum

Fødd 04.10.08

Stamtavle ID 28048

Hund frå eget oppdrett etter Tili og Ice. Er sin far opp av dage, er trufast og god hund som likar å gå i spann, største hunden i flokken, men underdannig og pysete, bra bakhund med mykje kraft.

 




Spirit Of Winter`s Durango

Fødd 04.10.08

Stamtavle ID 28047

Hund frå eget oppdrett etter Tili og Ice. Lagar mykje lyd men dreg godt bakerst i spannet saman med Magnum. Matvrak uten om det normale.

 




Spirit Of Winter`s Caliber

Fødd 04.10.08

Stamtavle ID 28050

Hund frå eget oppdrett etter Tili og Ice. Søt jente som går fint i spannet, brukt en del i front, men for urutinert til å ha fast plass der.

 




Alaska

Fødd 20.04.09

Stamtavle ID 30907

Alaska er minste jenta i flokken,  kullsøster til Redox og halvsøstra til Viper. Har håp om at ho etter kvart skal kunne bli enda flinkare enn storebroren til å gå i spann.

 



Redox

Fødd 20.04.09

Stamtavle ID 32227

Minste gutten i flokken, kullbror til Alaska, og halvbror til Viper. Smart hund som er flink i spannet, kansje eit godt ledaremne for komande sesongar.

 




Avalanche

Fødd 27.09.08

Stamtavle ID 28392

Avalanche er 1/4 malamute, og har ein del at malamute trekka, blant anna at han er elendig til å bjeffe og har meir pels enn alle andre hundane i flokken. Ann Helen sin hund som skulle trenast saman med malamuten, men har enda opp med å trene saman med resten av huskyane. Livredd for bilar og bilkjøring.