Hvem er vi?
Kai-Ørjan Bergmann
![]() |
24 år opprinnelig frå Ørsta, men no bosatt i sykkylven. Har hatt hund i over 20 år. I første runde var det shetland sheepdog som var familiehunden, men har no gått over til litt større hundar i form av Alaskan Husky. Er utdanna elektro automatikar ved skule i Ørsta, flytta så til Ålesund og tok IKT-Driftsfag. Jobbar no til daglig på IT-avdelinga på Ekornes i sykkylven med fagbrev som IT-Konsulent. Har ellers vore aktiv i kampsport miljøet på sunnmøre i over 10 år, før hund blei den nye livsstilen. Har blant anna trena Taekwondo, Ju-Jitsu, Kobudo, Kickjutsu, IKAEF, Modern Arnis, Kickboksing+++ |
Ann Helen Grebstad
|
|
22 år frå sykkylven. Har vokse opp med skogen i bakhagen, og ein katt inne i stova. Den første hunden ho var med på å eige sjølv var vår kjære husky Viper, men det gjekk ikkje monge månedane før ho kjøpte sin egen hund i form av Malamuten Røa. Har utdanning som interiørkonsulent, hadde deriblant eit år ho bodde og gjekk skule i Ørsta, og eit år med skule i Ålesund. Ann Helen jobbar til dagleg som barnehage assistent i blakstad barnehage, dette hovudsaklig for å få råda til å hoppe ut av fly i helgene.
|

